OM KRL X (10 poeng ekstra)
Formalia
|
Gode Tips
|
Dokumentasjon
|
Oppbygging og prosess
|
Rettskriving
|
Evaluering
|
Liste gamle oppgåver
KRL-seksjonen kan i tilby studentar i AU
og DALU (SALU) ein ekstra
eksamen i KRL på 10 poeng. Vi kallar
studiet for KRL X Kurset er gratis (berre krav om betalt
semesteravgift).
Med KRL X frå du til saman 30 poeng KRL, noko som er
jamgodt med KRL 1 i den førre modellen for allmennlærarutdanninga. Med 30 poeng
kan du byggje vidare til 60 og 90 poeng KRL, ev. vidare på ein mastergrad. Ved
lærarutdanninga i Bodø arbeider ein òg med å få lagt desse 90 studiepoenga inn
ein master i tilpassa opplæring med vekt på KRL.
Du bestemmer sjølv emne og problemstilling for
fordjupingsoppgåva, og du finn sjølv fram pensumlitteraturen (700 sider). Denne
pensumlitteraturen skal vere litteratur som det er naturleg å knyte til det
emnet du skriv om i fordjupingsoppgåva.
FORMALIA
Innlevering til ekspedisjonskontoret i 3 eksemplar (ikkje gløym din eigen kopi i tillegg). Søknad om utsetjing skal leverast til eksamensansvarleg (ikkje faglærar).
Hugs namn på framsida, tittel, semester og årstal, og ikkej gløym pagineringa
(sidetal). Bruk Høgskolens forside for innleveringar.
Til toppen av sida
GODE TIPS
TIPS til gjennomføringa:
Oppgåva skal ikkje vere eit essay eller ein norskstil med sterke meiningar på svakt grunnlag ("synsing"), men ei vitskapleg oppgåve med god dokumentasjon og med ryddig og velgrunna drøfting og argumentasjon.
Velje først emne eller temaområde.
Les pensumlitteraturen om dette emnet godt!
Oppgåva skal ikkje vere ei avskrift av pensum, du kan skrive om eller problematisere visse sider ved faget eller ved undervisninga av faget.
Tenk problemorientert
(PBL). Har du ein god idé, er mykje gjort. Formuler eit problem eller ei spesiell oppgåve innanfor emnet ditt. "Kva er islam" er
for så vidt ei problemstilling, men er det ei god problemstilling? Nei, eit spørsmål er ikkje nødvendigvis ei god problemstilling.
Det
er ofte innanfor didaktikken at det er mogleg å skrive noko ingen har skrive om
før, men prøv å tenkje originalt òg i fagdelen!
Tenk empirisk (samle materiale) og tenk lokalt!
Samle masse stoff (det som ofte tek lengst tid).
Til toppen av sida
DOKUMENTASJON
Faktainnsamling frå skriftlege og munnlege kjelder skal ikkje berre vere noko du brukar for å bli orientert om eit emne, men også vere dokumentasjon når du
skriv og for dine påstandar.
Ikkje ver einspora i valet av informasjon/dokumentasjon. Søk fleire typar informasjon og gjerne ulike meiningar om dette.
Faktastoffet må vere truverdig og kunne etterprøvast (kan bli sjekka av sensorane). OBS ikkje avskrift eller referering av argument utan å gje opp kjelde!
Gje opp kjelde(r) til sitat, påstandar o.l. helst i fotnotar.
direkte kopiering frå Internett fører automatisk til stryk.
Det er
ikkje lov å skrive direkte av eller lime inn tekst frå Internett eller andre
kjelder utan å gje opp kvar du har teke det i frå, og slike sitat skal alltid
stå i hermeteikn. Avskrift fører automatisk til stryk, og å "låne"
ei oppgåve du finn på nettet er sjølvsagt jamgodt med juks.
Lag litteraturliste og innhaldsliste, ev. forkortingsliste. Internettsider med full URL og dato du las sida eller dato sida sist vart oppdatert.
Til toppen av sida
OPPBYGGING OG PROSESS
Oppgåva skal normalt ha ein fagleg og ein didaktisk del.
Ein didaktisk del er ikkje alltid eit krav, og det skal ikkje vere eit undervisningsopplegg i detalj og ikkje meir enn ein 1/4 av oppgåva.
Ein vanleg struktur på fagdelen er:
1) innleiingsdel med problemstilling og metode, presentasjon av materialet,
2) gjennomføringsdel, drøftingsdel,
3) oppsummeringsdel med konklusjonar (jf. innleiingsdelen med problemet du vil drøfte eller finne ut av).
Drøft for og mot ("pro et contra")! Kva talar for ein påstand, kva talar mot? Korleis veg du argumenta mot kvarandre til slutt?
Skriveprosessen: ei sirkelrørsle mellom heilskap og del. Den endelege formuleringa av innleiinga er noko ein kan vente med til slutt, det må vere 100 prosent samsvar mellom det du seier du skal gjere og det du gjer.
Til toppen av sida
RETTSKRIVINGA
Ekstra kontroll av skriveleif heilt til slutt? Få nokre andre til å lese gjennom? Bruk den automatiske ordrettaren på datamaskina (OBS problem av typen "eleven" som blir til "elven").
Til toppen av sida
EVALUERING
Evaluering skjer ved karaktersetjing (bokstavkarakter A-F).
Vi gir ein samla karakter etter ei totalvurdering.
Dei som ønskjer andre kommentarar kan berre ta kontakt med faglærar etter sensuren.
Til toppen av sida
Liste over nokre tidlegare emne for KRL-fordjupingsoppgåver
Du kan finne ei liste over slike tidlegare
oppgåver på
studentarbeidssida til biblioteket.
Nokre tidlegare oppgåvetema er:
Filosofi i skolen
Islam - vestens nye fiendebilde?
Guds menighet i Lofoten
Vurdering av kristen og borgerlig konfirmasjon
Forholdet mellom ideal og realitet med henhold til L97, om temaet pinsen
Jødene - et forfulgt folkeslag?
Barns reaksjoner og behov ved skilsmisse
Seremonier og overgangsriter, en sammmenligning av den DnK og HEF
Frelsesarmeen på nøytral grunn?
Livet som buddhistisk munk
Å være muslim i norsk skole. Islam, fritak,
utfordringer, tiltak
Undervisning i KRL - hvordan og hvorfor slik?
Bahá'i
Frelsesarmeen
Læstadianismen, og de utfordringer læstadianske barn møter i skolen.
Satanisme. Church of Satan
Hans Nielsen Hauge og haugianismens utvikling i Norge
Kirken og homofili
Satanisme. Hvilken rolle har musikk i rekrutteringen til ekstreme satanistiske miljøer?
Det materialistiske og det humanistiske livssyn. Likheter og forskjeller
På hvilket grunnlag har kirken valgt å ikke akseptere homofili?
Islam. Fra religion til politikk
"Jeg hører ikke hva du sier, for dine handlinger overdøver dine ord" (etikk)
Svarteboka, myte eller virkelighet?
Et forsøk på å forstå Paulus' syn på kvinner i menighet og ekteskap.
Hva kan jeg som lærer gjøre, for å integrere muslimske elever inn i den norske skolen?
Den norske folkekirke
Pinsebevegelsen
Sammenligning av steinerpedagogikk og L97
Kirkelivet i Bodø under den 2. verdenskrig
Norsk kirkehistorie, hvordan endret innføringen av kristendommen de sosiale forhold i samfunnet?
Sorgarbeid i skolen
Undervisningsopplegget "Steg for steg".
Hva, hvordan og hvorfor
KT i KRL-undervisningen
Hvem var Lilith?
Problemstilling: hvordan kan muslimske barn være en ressurs i
KRL-faget?
Kirkene i Meløy - historikk og arkitektur
Var det Olav Haraldsen som kristnet Norge?
"Holy Riders" MC-club
Kirstendommens fundament?
Jesus i islam. Hvilken stilling har Jesus i islam?
Wiccas bakgrunn og opprinnelse
Stigmata
Ressurspermen "Høytidene i kirkeåret"
Bodø Domkirke
Frelsesarmeen. Sosialt og evangelisk arbeid hånd i hånd (video).
Hvordan kan vold på offentlig plass
bekjempes?
Fakta og myter om nonner og kloster