Kåre Sigvald Fuglseth


Eg underviser ved lærarutdanninga i Bodø, først og fremst i RLE-fag, men òg i andre emne (vitskapsteori og fenomenologi). I tillegg er eg knytt til Senter for praktisk kunnskap i Bodø.

Aktuelt

I det siste har eg særleg vore oppteken av tilhøvet mellom fenomenologi og empiriske metodar og analysar, jf. «Husserl som sosiolog». Sosiologi i dag 2/2008. Eg arbeider no mellom anna med bruk av video i klasseromforsking, og vi er i ferd med å skipe ei forskargruppe kring dette feltet som byggjer på videografi (ein kombinasjon av Conversation Analysis og etnografi).

Eg har no starta varsamt med ein eigen blogg. Sjå i fenomenologi.no

Lester Embree oppfordra meg til å starte arbeidet med ein bibliografi om dette emnet. Enno berre i startfasen, men likevel publisert på OPO-nettsidene, direktelenkja er Bibliography of Pedagogy and Education Theory I denne samanhengen har eg vorte med ei interessegruppe for fenomenologi og pedagogikk. Denne gruppa er no medlem av organisasjonen for fenomenologiske organisasjonar (OPO).

Livsverda som forskingsprosjekt_

Livsverda eller Lebenswelt på tysk er ikkje berre eit moteord, men eit forskingsprogram. Her kan vi trekkje trådar til kunnskapssosiologi, religionssosiologi,  hermeneutikk og didaktikk, historisk forsking og metode, område eg har arbeidd mykje med, sjå Seminar om Alfred Schutz...

Læremiddel

Frå Judea til Salten. Fortel eller forstå Bibelen. K. Fuglseth, E. Kantun, J. Ubostad. HBO: Bodø, 2001-2002. Multimedieprosjekt ved Høgskolen i Bodø Meir...

Josefus på norsk 

Her har eg lagt inn delar av «Bellum Judaicum» (Den jødiske krig) på norsk frå ei spennande omsetjing av Olaus Fjørtoft. Denne jødiske historieskrivaren Josefus (Josef) skildrar her kva som skjedde då Jerusalem vart lagt i ruinar av romarane i år 70 e.Kr. Josefus på norsk...

Filon frå Aleksandria

I fleire år har eg arbeidd med skriftene til den jødiske filosofen Filon frå Aleksandria (-20 f.Kr. - 40 e.Kr.?). Filon levde i Egypt om samstundes med Jesus og Paulus. Han tolka Mosebøkene i lys av gresk filosofi og vart på den måten ein forlaupar for mykje av det som skjedde då kristendomen voks fram i hundreåra etterpå.  Heimesida til prosjektet



sist oppdatert 02.03.2010

 


| tilbake |