|
||||
|
|
Nokre tidlegare oppgåver i KRL (30 studiepoeng eller 10 vekttal).Det nye KRL-faget med 20 p. vil ha ein noko anna eksamensform på 5 timar. 2000-2005 klikk herOrdinær eksamen KRL 20 p. 5 timar 2006 (juni)
A. Svar kort på 3 av disse spørsmåla, omtrent ei
½ side pr. svar.
Denne delen teller 1/3 av karakteren.
1) Kva meiner vi med dimensjonar i religionane
(jf. Ninian Smart)?
2) Kva er pietisme?
3) Kva er sharia?
4) Kven var Læstadius?
5) Kva er ein katekisme?
6) Eitt av desse orda skal ut (forklar kvifor):
Gud, Jesus, Buddha, Mohammed.
B. Svar på 1 av disse oppgåvene.
Denne delen teller 2/3 av karakteren.
DALU: 1. Eit
kompetansemål i KRL05 (Kunnskapsløftet) etter 4. årstrinn er at: ”eleven
skal kunne utforske den lokale kirke, finne spor av kristendommens
historie i lokalmiljøet og i distriktet og presentere funnene på ulike
måter”. Forklar korleis du vil arbeide for at alle elevane skal nå dette
målet, samstundes som at elevane lærer seg dei fem grunnleggjande
dugleikane slik Kunnskapsløftet definerer dei (å kunne uttrykkje seg
munnleg, lese, skrive, rekne og bruke digitale verktøy).
eller
2. Gjer greie for den sekulære humanismen og korleis
ein kan undervise i dette emnet på kvart hovudtrinn i tråd med
kompetansemåla i KRL05 etter 4., 7. og 10. trinn og i lys av dei
overordna målsettingane for faget.
AU:
1. Eit kompetansemål i KRL05 (Kunnskapsløftet)
etter 10. årstrinn er at: ”eleven skal kunne drøfte utvalgte
bibeltekster fra profetene, den poetiske litteraturen og
visdomslitteraturen, et evangelium og et Paulus-brev og forklare
særpreg og hovedtanker i disse”. Gjer greie
for særpreg og hovudtankar i ein profetisk tekst
eller i eit Paulus-brev, og forklar korleis du som lærar kan arbeide
for at elevane dine skal nå heile dette kompetansemålet.
eller
2. Gjer greie for særpreget i jødedommen og jødisk
tru som livstolking i forhold til andre tradisjonar (religionar og
livssyn) og korleis ein kan undervise i dette emnet på 8.-10. årstrinn
i tråd med KRL05 (Kunnskapsløftet).
Utsett eksamen KRL 20 p. 5 timar 2006 (august):Svar både på oppgåve A og B Ordinær eksamen KRL 20 p. 5 timar 2007 (juni)8. juni 2007 Utsett eksamen KRL 20 p. 5 timar 2007 (august) Svar både på oppgåve A og B. Ordinær eksamen KRL 20 p. 5 timar 2008 (kontinuasjonseksamen) Svar både på oppgåve A og B.
Svar kort på 3 av 5
Ordinær eksamen 9. desember 2008 (ordinær eksamen) 5 timar. Svar både på oppgåve A
og B. Eksamen KRL 20 p. 5 timar 2009 (kontinuasjonseksamen)
Svar både på oppgåve A og B. A. Svar kort på 3 av desse spørsmåla, omtrent ei halv side pr. svar
eller ei kvart side på datamaskin. Denne delen tel 1/3 av karakteren. B. Svar på 1 av disse oppgåvene. Denne delen tel 2/3 av karakteren. 1. Drøft utfordringar frå det fleirkulturelle samfunnet til skolen i
undervisning i RLE. Gjer dette med utgangspunkt i undervisning om
forteljingane frå Det gamle testamentet i tråd med kompetansemåla i
RLE-planen (RLE 08). eller 2. Eit kompetansemål i RLE08 etter 7. årstrinn er at elevane «skal
kunne fortelle om sentrale hendelser og personer i kristendommens
historie i Norge fram til reformasjonen». Gjer greie for reformasjonen
med særlig vekt på kva rolle Martin Luther spelte. Drøft korleis ein kan
undervise om dette emnet i grunnskolen i tråd med kompetansemåla i
RLE-planen (RLE 08). Eksamen KRL 20 p. 5 timar 8. desember 2009
Svar både på oppgåve A og B. A.
Svar kort på 3 av desse spørsmåla, omtrent ei halv side pr. svar. Denne
delen tel 1/3 av karakteren. 1. Kva meiner vi med
monoteisme og polyteisme? 2. Kva meiner vi
agnostisisme, teisme og ateisme? 3. Kva er Koranen og hadith? 4. Kven var Martin Luther? 5. Kva er dharma? B.
Svar på 1 av disse oppgåvene. Denne delen tel 2/3 av karakteren. 1. I ei fleirkulturell gruppe i
skulen kan det å presentere forteljingar frå alle religionane i
RLE-faget vere ei utfordring. Velje deg to forteljingar frå ulike
religionar og forklar kort kva dei handlar om. Drøft bruken av desse to
forteljingane i RLE-undervisninga ut frå dei generelle målsettingane for
faget i RLE08. eller 2. Eit kompetansemål etter 4.
klassetrinn i RLE08 er at eleven skal kunne «samtale om kristendom og
hvordan religiøs praksis kommer til uttrykk gjennom leveregler, bønn,
dåp, gudstjeneste og høytider». Kva meiner ein med dette målet? Drøft
korleis du som lærar kan arbeide med dette (AU:med særlig vekt på
luthersk syn på sakrament). Neste skoleeksamen er kontinuasjoneksamen juni 2010. Siste skoleeksamen i KRL/RLE 20 poeng vert i desember 2010. Då går vi over på den nye grunnskulelærarutdanninga med to 30 p emne i RLE, og dei som vil ta eksaemenar om att, må søkje særskilt om det.
|
OBS:
Vurderingsformene kan endre seg frå år til år. Jf. vår eigen
evalueringsplan som er lagt ut på Fronter. Første KRL-kullet i dette
lærarutdanningsprogrammet vart uteksaminert i 2000.
Oppgåvene vert gjevne både på nynorsk og bokmål, men nedanfor her ligg nesten berre nynorskversjonane.
|
||
| |
|
|
||