|
||||
|
Universitetet i Nordland kare.fuglseth@uin.no |
Eg underviser ved lærarutdanninga i Bodø, først og fremst i RLE-fag, men òg i andre emne (vitskapsteori og fenomenologi). I tillegg er eg knytt til Senter for praktisk kunnskap i delstilling. Aktuelt Fenomenologi og empiri: Spørsmålet er korleis ein skal gå frå fenomenologiske innsikter (teoretiske og abstrakte) til analyse av praktiske eller faktiske situasjonar. I denne samanhengen er det viktig med refleksiv analyse à la fenomenologi. I det siste året har eg difor arbeidd med denne typen refleksjon, jf. Lester Embrees bok Reflective analysis. Dette er ei bok eg vil tilrå alle å arbeide med. Kanskje får eg utgjeve henne på norsk om ikkje så lenge. SAK Mange i lærarutdanningane som snakkar om SAK for tida (samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon). For RLE-faget er SAK viktig og å kunne oppretthalde faget i den nye grunnskulelærarutdanninga. UIN Universitetet i Nordland er her! Ikkje verst.
|
Læremiddel Frå Judea til Salten. Fortel eller forstå Bibelen. K. Fuglseth, E. Kantun, J. Ubostad. HBO: Bodø, 2001-2002. Multimedieprosjekt ved Høgskolen i Bodø Meir...
Josefus på norsk Her har eg lagt inn delar av «Bellum Judaicum» (Den jødiske krig) på norsk frå ei spennande omsetjing av Olaus Fjørtoft. Denne jødiske historieskrivaren Josefus (Josef) skildrar her kva som skjedde då Jerusalem vart lagt i ruinar av romarane i år 70 e.Kr. Josefus på norsk... Filon frå Aleksandria I fleire år har eg arbeidd med skriftene til den jødiske filosofen Filon frå Aleksandria (-20 f.Kr. - 40 e.Kr.?). Filon levde i Egypt om samstundes med Jesus og Paulus. Han tolka Mosebøkene i lys av gresk filosofi og vart på den måten ein forlaupar for mykje av det som skjedde då kristendomen voks fram i hundreåra etterpå. Heimesida til prosjektet. Livsverda som forskingsprosjekt_
Livsverda eller Lebenswelt på tysk er ikkje berre eit moteord, men eit
forskingsprogram. Her kan vi trekkje trådar til kunnskapssosiologi,
religionssosiologi, hermeneutikk og didaktikk,
historisk forsking og metode, område eg har arbeidd mykje med, sjå
Seminar om Alfred Schutz...
Fenomenologi og pedagogikk_ Enno berre i startfasen, men likevel publisert på OPO-nettsidene, direktelenkja er Bibliography of Pedagogy and Education Theory I denne samanhengen har eg vorte med ei interessegruppe for fenomenologi og pedagogikk. Denne gruppa er no medlem av organisasjonen for fenomenologiske organisasjonar (OPO). |
||
| |
|
|
||